rut-stokstad-nilsen-nettsak
Rut Stokstad Nilsen er pastor i Treungen Frikyrkje, og ho ynskjer seg Global uke som ein årleg tradisjon. (Foto: Privat).

- Dette treff oss rett i hjartet

Treungen Frikyrkje engasjerer seg i Global uke, ei årleg økumenisk veke der kyrkjene saman og samtidig set søkelys på global rettferd.

Global uke er eit initiativ frå kyrkjene i Noreg, samla i Noregs Kristne Råd (NKR), for å belysa global urettferd saman og samtidig i løpet av ei fast årleg veke. Frikyrkja er medlem av Noregs Kristne Råd og oppmodar til ha fokus på dette temaet i veke 46, frå 8. – 15. november.

Temaet er moderne slaveri. Moderne slaveri er forbodne i alle land, men det skjer over heile verda. Ifølgje Global Estimates of Modern Slavery lever meir enn 40 millionar menneske som slavar i dag, gjennom tvangsarbeid, sexslaveri, menneskehandel, barnearbeid og tvangsekteskap.

Små handlingar gjort i kjærleik

Rut Stokstad Nilsen er pastor i Treungen Frikyrkje, og fortel at ho først høyrde om Global uke på ein av Frikyrkjas arbeidarsamlingar. I fjor var kyrkjelyden i Treungen med på Global uke for første gong.

- Det blei ei veldig fin oppleving av håp midt i det forferdelege, og det var godt å kjenne at vi, lille Treungen Frikyrkje, er ein del av den verdensvide kyrkja, seier Stokstad Nilsen til Budbæreren.

På nettsida globaluke.no ligg informasjon om alt som skjer i løpet av Global veke i november, og dessutan ressursar til bruk i gudstenesta, også spesielt retta mot familiar, konfirmantar, barn og unge.

- Eg brukte prekeninspirasjonen til Kjetil Gilberg (pastor i Kraftverket, red.anm.), som ligg på denne ressurssida. Den har overskrifta «Små handlinger gjort i kjærlighet forandrer verden», og detta blei gjennomgangstemaet vårt. Vi engasjerer oss jo i håp og tru om at endringar kan skje, og når kyrkja saman og samtidig set søkelys på denne problematikken gir det håp, seier Stokstad Nilsen.

Gode tips på nettsida

Fjorårets Global uke samanfalle med reunion til ungdomskoret «Levande greiner» i Treungen Frikyrkje, og koret var ifølgje Stokstad Nilsen med på å gi arrangementet ei fin musikalsk ramme.

- Problematikken med moderne slaveri treff oss og utfordrar oss sidan vi sjølve er med på å oppretthalde dette gjennom vår eigen livsstil. Eg synes Global Info i NKR, er flinke til å gi tips til kva vi som kyrkjelydar og enkeltpersonar kan gjere. Å gjere kunnskap om til handling.

I Treungen valde dei å kombinera markeringa mot moderne slaveri med «Søndag for forfølgde».

- Vi tok det inn i kyrkjebøna, også brukte vi ein del av ressursane som ligg på nettsida til Global uke. Først viste vi filmen «Hvor mange slaver jobber for deg?», så delte vi ut fakta- og handlingsarka om moderne slaveri. Vi hadde ikkje kopiert opp nok ark, så fleire ba om å få desse tilsendt på e-post i etterkant, og det viser at temaet treff og engasjerar. Det var veldig meiningsfult å vere med på Global uke og vi ynskjer å fortsette med det, seier Stokstad Nilsen.