Ola Ohm har i advent tatt ei reise innover...
Sjeldan har eg vore gladare for at 4. søndag i advent er seks dagar før jul. Det er ikkje det at eg ikkje har kontroll på gåver, ulike jule- og adventsarrangement eller preikene mine. Men tida går så innmari fort! Eg seier til meg sjølv kvar advent at eg skal ha eit sterkare fokus på ventetida, men livet er så hektisk at eg berre har hatt lys på stjerna i vinduet et par gonger til no. Ikkje det at det ikkje skjer noko som er koseleg, men plutseleg er jula der igjen, og har ikkje lyst til at den skal komme som julekvelden på kjerringa. For eg ønsker å ha litt tid på meg til å komme i hakk. Sånn at jula ikkje berre handlar om å ha fokus utover (slik det fort blir for ein dobbeltarbeidande prest og pastor), men at eg og kan ha fokus innover.
No har eg alt hatt ein forsmak på dette, i stille-veka mi ved inngangen til advent, der eg igjen fekk oppleve at Gud tok meg innover. Ikkje for å bli meir egosentrisk, men for å bli meir meg. Ein av grunnane til at Gud blei menneske, var jo at du skulle bli meir du, og eg skulle bli meir eg. I det vi lar Gud, som ein gong skapte oss og forma oss, ta oss med innover i oss sjølve, slik at vi kan finne den vi er. Ikkje den vi skulle ønske at vi var, eller som vi trur at andre skulle ønske at vi var. Men den vi er.
I ein tale om pengar seier Jesus at hjartet er der skatten er. Men skatten er og der hjartet vårt er. For jo meir vi kjem i kontakt med det vesle mennesket Gud forma ein gong i det skjulte, jo meir vil vi erfare fridomen, gleda og frimodet i livet vårt. Jo tettare på dette vi kjem, vil vi erfare at børene våre fell av, angsten vår fordampar og bekymringane våre blir mindre.
Difor er det eg gler meg til den siste veka før jul. Ikkje fordi dette ikkje kan skje elles. Men fordi beretninga om at Gud blei menneske og tok bustad mellom oss meir enn noko anna set meg i kontakt med den eg eigentleg er. God adventstid!
"Og Ordet vart kjøt og slo opp teltet sitt mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning" (Joh 1:14).
Ola Ohm, Pastor, Klepp frikyrkje