24 land er representerte når Bryne Frikyrkje no har feira at dei er 40 år. Dei samla fullt hus til jubileumsgudsteneste og fest 21. januar.
Det starta tidleg på 1980-talet. Jæren hadde inga frikyrkje, men det budde fleire frikyrkjefolk der. Fleire var medlemmar i Stavanger. Frikyrkjegruppa på Jæren fekk låna rom hos Kameratklubben på Bryne, og då huset skulle seljast, fekk dei tilslaget.
– Stavanger Frikirke stod for kjøpet med støtte frå menigheter i heile landet, fortalde Herdis Garborg på jubileumsgudstenesta 21. januar. Ho har vore medlem og aktiv sidan oppstarten, og fortalde om folk og hendingar som har vore viktige for menigheten.
– Eg er veldig glad i denne menigheten. Her er mange dedikerte menneske og det er eit privilegium å få vera med. Ein stor takk til Gud, avslutta ho.
Bygde kyrkje
22. januar 1984 var 19 medlemmar samla og danna Bryne Frikyrkje. Då dei hadde vorte 40, trong dei nye lokale. Dei fekk teikna ei kyrkje som dei seinare skulle kunna byggja på. Byggjearbeidet starta i 1987. Byggjefirma kom frå Flekkefjord og eigen dugnadsinnsats var svært stor. Etter kort tid var kyrkja for lita og nytt byggjesteg vart vedteke. I denne byggjeperioden “planta” Bryne Frikyrkje også ny menighet i Klepp.
Bygde menighet
Alfa-kursa vert trekte fram som svært viktige i bygginga av menigheten, og for at så mange nasjonar i dag er representerte der. To gonger i året frå 1996 til pandemien, vart det halde kurs for jærbuar, nye nordmenn og mange frå flyktningemottak. Det var ofte med tolking til ulike språk som engelsk, tysk, fransk og farsi. Gjennom Alfa-kursa har folk kome til tru og fått kunnskap, og mange har vorte døypte og blitt med i menigheten.
Også gudstenestene har vorte lagde til rette for dei som ikkje er stødige i norsk, med tolking til engelsk. Aktiviteten elles var også stor, med speidararbeid, søndagsskule, barnekor, vaksenkor, husgrupper, husmøte, førebuing av basar og meir til.
Sjå framover
Men nytt årtusen kom med uro. Det vart indre uenighet, og fleire melde seg ut. På jubileumsgudstenesta uttrykte pastor Livia Hodne eit sterkt ønskje om forsoning og om å kunna leggja det vonde bak seg. Ho bad også om tilgjeving for sår som vart skapte i den vonde tida.
Synodeleiar Jarle Skullerud talte.
– Kyrkja er ein stad der ein skal samla for så å senda ut. Fred er vårt oppdrag, sa han. Han peika fram mot 50 års-jubileet.
– Begynn alt no å tenkja på, førebu og arbeida for at det må bli eit jubelår, oppmoda han.
Bryne Frikyrkje har 70 medlemmar med stemmerett og 260 aktive totalt. Med på jubileet var også mange gjester, blant anna frå Klepp Frikyrkje. Lovsangsteamet deira var også med.