Frikyrkja set ned eit utval for å utarbeide «en helhetlig samlivsteologi», men held fast på at ekteskapet er for éin mann og éi kvinne. Framlegget frå Kraftverket på synodemøtet vart avvist.
Utvalet som det vart vedteke å opprette under synodemøtet i Oslo laurdag, får i oppgåve å drøfte kva som ligg i omgrep som «bekjennelsesspørsmål» og «kirkesplittende» og om ulikt syn på samliv høyrer inn under desse omrgrepa.
Etter tre og ein halv times debatt vedtok synodemøtet, som er kyrkjesamfunnet sitt øvste organ, det framlegget som var lagt fram av fleirtalet i komiteen som hadde vurdert dei ulike framlegga. Dette bygde i hovudsak på synodestyret sitt framlegg.
For og mot
Det var eit framlegg frå kyrkjelyden Kraftverket i Oslo som var bakgrunnen for at saka vart handsame. Kraftverket ynskte ei teologisk utgreiing for standpunkta for og imot likekjønna samliv.
– I vårt kyrkjesamfunn har det vakse fram ei haldning om at Frikyrkja har «eitt» syn på likekjønna samliv, samt at dette er eit vedkjenningsspørsmål, utan at dette nokon gong har vore utgreia for eller handsama i kyrkjesamfunnet sitt øvste organ, synoden. Skal kyrkjesamfunnet ha eitt offisielt standpunkt, lyt det teologiske grunnlaget for dei ulike standpunkta utgreiast og setjast opp mot kvarandre slik at det kan bli ei open og konstruktiv samtale i kyrkjelydane der resultatet av samtalen ikkje er gitt på førehand, heitte det i grunngjevinga frå Kraftverket.
– Vi har eit oppriktig ynskje om å finne ut kva som er Guds vilje. Vi er fullt klåre over kor sterke kjensler dette skaper. Det er eit uttalt ynskje frå Kraftverket at vi kan leve med ulike syn i Frikyrkja, sa Kraftverkets pastor, Kjetil Gilberg, under debatten på Quality Hotel 33.
Fastheld kyrkja sitt syn
I vedtaket, som vart fatta med stort fleirtal, heiter det likevel at synoden held fast på at ekteskapet er Guds gode ordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne.
Synoden ser det slik at saka om Frikyrkja sitt syn på ekteskapet er godt greia ut i dokumenta frå teologisk fagråd i 2014-2017, men ser det like fullt som turvande at det vert arbeidd vidare med samlivsteologi og samlivsetikk.
Vidare heiter det i vedtaket:
«Synoden mener den pågående samlivsdebatten i vår kirke er lite fruktbar, og ønsker i stedet en dialog hvor det er mulig å forstå hva som forener oss og hva som skiller oss. Vi ber synodestyret lage gode rammer for denne dialogen som sikrer at alle får si sin mening og at det skjer på en slik måte at det ikke skapes tvil om Frikirkens vedtatte lære.»
I vedtaket vert synodestyret bedt om «å hjelpe dialogen rundt spørsmålet om likekjønnet samliv» og syte for «å få utarbeidet et dialogskrift, et hefte som presenterer de ulike syn. Presentasjonene må ha lik form, være skrevet med et tilgjengelig språk og være tilstrekkelig dyptgående slik at de ulike synene lett kan sammenlignes. Representanter for de ulike syn må ta del i arbeidet med å presentere sitt syn.»
Utvalet som skal jobbe med dette, skal bestå av minst to teologar, ha tilstrekkeleg alders- og kjønnsbalanse og innehalde «minst én person som kan bringe inn perspektiver fra et annet ståsted», som det heiter.
Vidare seier synodemøtet at dialog skal vektleggast som metode i arbeidet og at resultat av utvalet sitt arbeid skal framleggjast for synoderådet hausten 2023.
Skal lage vegleiar
Synoden ber i vedtaket også om at synodestyret syter for utarbeiding av ein vegleiar for korleis Frikyrkja kan bygge fellesskap som på ein betre måte ivaretek menneske som, friviljug eller ufriviljug, ikkje lever i ekteskap, medrekna LHBT+–personar.
Synoden ber vidare synodestyret i samarbeid med FriBU, Frikyrkja sin organisasjon for barn og unge, arbeide vidare med korleis ein kan hjelpe foreldre og leiarer til å møte og vegleie barn og unge i samlivsetikk og spørsmål som dreier seg om den einskilde sin seksualitet.
Ved den første avstemninga stemte 78 delegatar for komiteframlegget, medan 38 stemte for Kraftverket s framlegg. Det var også to andre framlegg som til saman fekk 22 stemmer. Ved den endelege avrøystinga slutta 128 av 141 delegatar opp om vedtaket. (KPK)