I 1912 gjekk 18 personar saman i heimen til Abel og Amalie Nærø på Nærøya, dei oppretta Herøy Frikyrkje. I dag har menigheita ekspandert kraftigt, med over 400 medlemmar og 200 barn og ungdom som aktivt tek del i deira aktivitetar. Onsdag 22.juni inviterte frikyrkja til jubileumskonsert!
Bilete : Sirène utnytta den fine akkustikken i Herøy Frikyrkje. Her under framføringa av "Mellom bakkar og berg".(Foto Jørgen Kopperstad)
Kjendte innslag Frikyrkja er kjendt for sine tradisjonar innan song og musikk. I 100 år har ho vore ein sentral brikke i kulturlivet i Herøy, noko publikum kunne sjå og høyre under onsdagens konsert. Artistar og grupper som Tolvtetten, Sirène, Rune Larsen og Elise Nærø var klare for å heidre Herøymenigheita.
Rune Larsen er kjend landet over for sine engasjement innanfor misjon. Sjølv kjem han frå ein heim der kyrkja ikkje var ein særlig sentral brikke. Farfaren til Larsen var kommunist, noko som resulterte i at kyrkja kanskje vart sett litt ned på, uavhengig av relegionen i seg sjølv. Rune Larsen framførte fleire salmar og andre relegiøse songar. Annankvar vike har Elise Nærø elevar i Herøy Frikyrkje. Frikyrkja vert nemleg ikkje berre brukt som gudstenestebygg, kvar vikedag er ho gjerne teken i bruk av kor, bønnegrupper og til undervisning. Elise Nærø var med og opne onsdagens konsert med songen «Bridge over troubled water» i duett med pastor Erhard Hermansen. Ei anna gruppe som til daglig øver i Frikyrkja er Tolvtetten. Onsdag var koret på scena heile fire gongar! Nokre gongar som koristar til andre artistar, men òg aleine. Midt i programmet fekk koret overta scena og framføre to av sine mest kjende melodiar. Klangen i kyrkjerommet i frikyrkja er heilt eineståande. Det er ikkje til å legge skjul på at frikyrkja truleg har, om ikkje det beste, eit av dei beste konsertlokala i Herøy.

Vegard Voldsund, Erhard Hermansen og Elise Nærø opna konserten med "Bridge over troubled water".
Lang historie
I denne feiringsveka har Frikyrkja valgt å fokusere på å lage arrangement som passar for alle aldersgrupper. I tillegg har dei prøvd å inkludere alle dei levande, tidlegare pastorane i Herøy frikyrkje. Onsdag heldt Thorvald Hartviksen ei engasjerande andakt. Frikyrkja er svært aktuell i desse dagar med nytt kyrkjebygg. Dette er det tredje i rekke av frikyrkjebygg i Herøy, på same tomt. Vestlandsnytt snakka med Erhard Hermansen i forkant av gudstenesta. Hovedpastoren lova mykje variert program under feiringskonserten. Song og musikk har sterke tradisjonar i Frikyrkja, nett derfor ønskjer vi å inkludere dette i vår feiring gjennom ein eigen konsert.
Over alle forventingar Det kom raskt fram at oppmøtet på denne konserten vart svært høgt. Dørene inn i kyrkjesalen måtte opnast, slik at også inngongspartiet kunne fyllast med stolar.
Etter konserten var tilbakemeldingane svært gode. Pastor Hermansen kan fortelje om mange sms’ar med ros. «Enkelte kunne fortelje at ein slik arrangement som dette her, det kunne dei leve lenge på» fortel Hermansen.
Mykje gjort og mykje i vente
I denne jubileumsveka har frikyrkja allereie haka ut fleire postar på programmet, og fleire er i vente. Misjonskveldar, barnemøter og konsertar i fleirtal gjer lokalet noko hektisk i desse dagar, til medlemmane og besøkjande si store glede.
Mellom anna står pastortime og jubileumsgudsteneste i vente. Pastor Hermansen håper på godt oppmøte og god stemning i dagane som kjem!