orsta (700x407)

"Swinging Safari" med Synodeformann

Det svinga godt i Ørsta Frikyrkje på familiemøtet under Møteveka i Ørsta, med Synodeformann Arnfinn Løyning på trekkspel.

Samarbeidsprosjektet mellom Ørsta kyrkje, Ørsta Frikyrkje, Nytt livs senter og dei kristne organisasjonane i Ørsta hadde fått med seg synodeformann Arnfinn Løyning som hovudtalar på møta og gudstenesta.
Meir enn 150 små og store var på familiemøtet laurdag, og trekkspelentusiasten Arnfinn Løyning hadde under møteveka etterlyst eit
dragspel, noko som førte til ein luten storm av tilbod. Og som avslutning på familiemøtet var det skikkeleg "Swinging Safari" med møteleiar og varaordførar Paul kristian Hovden på afrikansk tromme og Arnfinn Løyning på trekkspel. Skikkeleg festleg!

(Foto. Arne Ola Grimstad)