tone-moseid
Tone Moseid (48) er eldste i Bryne menighet, og stiller til valg som eldstekandidat. (Foto: Privat).

Tone Moseid

Budbæreren presenterer her synodestyrekandidatene som stiller til valg på synodemøtet i november.

1. Hvorfor stiller du som kandidat til synodestyret og hva fra din bakgrunn gjør deg til en person Frikirken trenger i ledelsen?

- Eg stiller som kandidat til synodestyret fordi eg ønsker å vere med å prega det kyrkjesamfunnet eg har vore ein del av sidan slutten av 90-talet då mannen min Notto var leiar i FriBU. Tida eg har site i styret i Vestre presbyterium har også gjort at eg har fått større innsikt og engasjement for heile kyrkjesamfunnet. Eg har ikkje vakse opp i ein kristen heim, eg vart kristen i russetida gjennom venneevangelisering. Eg trur at min oppvekst utanfor kyrkja og til tider store utfordringar i familien har gitt meg innsikt og erfaringar som er gode i møte med menneske som ikkje trur og menneske som har det vanskeleg. Vår Frikyrkje på Bryne har ein internasjonal og karismatisk profil. Gjennom blant anna Alpha har me sett mange, også muslimar, kome til tru dei seinare åra. 

2. Hvordan vil du videreføre "Sammen om oppdraget", for HELE kirkesamfunnet?

- Saman om oppdraget skal minna oss om at heile kyrkjesamfunnet, barn og vaksne, alle generasjonar står saman om det viktigaste. Frikyrkja har dei siste åra hatt eit ønske om å utvikla menighetar i ei misjonal retning slik at me kan prega samfunnet både lokalt og globalt og ha fokus på å gå ut, nå og inkludera nye menneske. I Bryne har me hatt svært god erfaring med Misjonal Menighet - prosjektet. Me har som menighet blitt knytta sterkare saman på tvers av generasjonar og fått eit meir utadretta fokus. 

3. Hvor skal Frikirken stå i et nytt økumenisk landskap, både nasjonalt og internasjonalt?

- Me treng samarbeid med andre evangeliske kyrkjer både nasjonalt og internasjonalt om det viktige oppdraget me har fått, å gå ut å gjere alle til disiplar. 

4. Hva mener du om samkjønnet ekteskap?

- Eg meiner at ekteskapet etter skaparordninga er mellom mann og kvinne. Eg håper ikkje at dette spørsmålet skal ha stort fokus i våre menigheter. Alle er like velkomne i Frikyrkja uansett legning. Vår oppgåve er å peika på Jesus, ha vårt blikk festa på han.

5. Frikirkens ytremisjon var 100 år i 2016, hva tenker du om strategi/prioriteringer for årene som kommer?

- Målet for Frikyrkja sitt misjonsarbeid er at menneske skal koma til tru på Jesus og at menigheter vert planta. Fokus er på dei minst evangeliserte folkeslaga og arbeidet vert drive i nært samarbeid med lokale kyrkjer og organisasjonar. Det må me halde fram med. Det er viktig å lytta til misjonærane som er dei som kjenner prosjekta best. Det er nødvendig å sjå på om arbeidet er organisert på ein måte som gjer handlingsrom for arbeidarane og at midlane vert brukt føremålstenleg.

6. Budbæreren er 135 år. Hvor ser du for deg at bladet er i 2020?

- Budbæreren gjev eit godt innsyn i kva som skjer i heile kyrkjesamfunnet, som oftast med ei positiv og inspirerande vinkling. Eg er glad i å lese Budbæreren i papirutgåve men det er ei god utvikling at ein også kan lese sakene på nett. Slik samfunnet elles har endra seg når det gjeld aviser og magasin kan det hende at ein etterkvart må satse på kun digitale løysingar. Gjennom ei oppdatert Facebookside og Instagramkonto kan Budbæraren nå fleire med sine saker og bidra til at Frikyrkja blir meir synleg og kjent for fleire.

7. Bonus-spørsmål: Hvilket spørsmål vil du at en jourrnalist skal stille deg nå før synodestyrevalget?

- "Kva har livet lært deg og kva bibelvers betyr mykje for deg?" 

- Eg har lært at Gud er trufast. Salme 57,vers 2-3 og 1.Joh. 3,18-24.