solve-andré-hatlen (791x583)
Opplevelsen av å ha sitt eget «rom» har stor betydning for unge voksne, skriver pastor i Volda Frikykje, Sølve André Hatlen. (Foto: Privat).

Vi har gitt dei unge vaksne rom

I Volda har vi siste året hatt gode erfaringar med å gi studentar og
unge vaksne rom til å utvikle sin form for møteplass, for å bygge fellesskap.

Det avgjerande initiativet til å starte opp Støyperiet kom frå ei gruppe som ikkje høyrde til kyrkjelyden. Dei såg at eit fåtal som er i deira livsfase går regelmessig i ein gudstenestesamanheng. Dei hadde og snakka med fleire som personleg kjende på dette som eit udekt behov.

Eg trur særlig det var to ting som gjorde at dei kontakta meg i Frikyrkja. Vi hadde lokale som var tiltalande. I tillegg hadde dei funne at Frikyrkja hadde eit konsept som passa med det dei ville gå i gang med. Kort tid etter dei tok kontakt hadde vi ein informasjons- og inspirasjonskveld om Støyperiet. Denne kvelden gav god respons og tryggheit for at målgruppa både ønska dette og ville ta ansvar. Frå første mai og fram til første søndag i advent har vi hatt seks Støyperiet-gudstenester med om lag 40- 45 personar i målgruppa som ikkje har hatt noko fast tilknyting til kyrkjelyden tidligare. Oppstarten gjekk som ein draum.

Opplegget er ikkje særlig originalt. Litt enklare møteform, meir moderne lovsong. God tale som ikkje er for lang. Anledning til forbønn, bønnelappar og tenne lys. Nattverdfeiring har vi annankvar gong. Gode sosiale rammer etter møtet er også viktig. Opplevinga av å ha sitt eige «rom» har stor betydning. Andre er også like velkommen, men premissleverandør for kultur og møteform er dei sjølve. Det handlar om eigarskap. Dei har organisert seg i ulike tenestegrupper med tenesteleiar for kvar gruppe: Møteleiing, lovsong, undervisning, teknikk, kafé, forbøn, vertskap, rydding. Ei leiargruppe trekk i trådane, gjer planlegging, informerer og organiserer.

Eg trur Støyperiet vil vere ein god øvingsarena til å utvikle leiarpotensiale og til å modne i tru og fellesskap. Det har vore spennande å sjå korleis fellesskapet blir forma. Sjølv om mange kjenner kvarandre frå KRIK og Studentlag, så er det ikkje slik at alle kjenner alle, og det er nokså ulikt kva bakgrunn dei har frå kyrkje og kristenliv. Foreløpig har vi gjort eit bevisst val med å ikkje ha gudsteneste klokka 11 dei søndagane det er Støyperiet-gudsteneste klokka 18. Håpet er at det dette nye miljøet, vil kunne flyte litt i hop med oss som er husvarme og som gjerne vil bygge bruer mellom generasjonane.

 

Sølve André Hatlen
Pastor i Volda Frikyrkje